Nynorsk-oversetteren for Enonic er klar!

Omsett absolutt heile artikkelen din frå bokmål til nynorsk -med eit klikk!

Jon Fosse 2

Etter at Jon Fosse vann Nobels litteraturpris i 2023 har interessa for litteraturen hans spesielt og nynorsk generelt blomstra som aldri før, i Norge og resten av verda. Fosse, norsk dramatiker, romanforfatter, essayist og poet, skriv på nynorsk, og hans verk er omsett til 50 språk

Samstundes lanserte det norske teknologiselskapet Seeds Consulting ei løysing som gjer at alle brukarar av det norske publiserings-verktyet (CMS) Enonic lettare enn nokon gong kan publisere innhald på nynorsk.

“Redaktørar og andre som produserer innhald på bokmål i Enonic kan, når dei er ferdige med ei tekst, med eit klikk få ein versjon av artikkelen omsett til nynorsk på nettsidene sine” seier dagleg leiar i Seeds, Eiliv Mæhle Liljevik. “Enonic nyttast av både offentlege og private organisasjonar, men særleg dei offentlege brukarane vil med dette verktyet enkelt levere på kravet om ein nynorskandel på 25% av alt dei publiserer” seier han.

Teknologisjef i 99x, Egil Fujikawa-Nes, som er arkitekten bak løysinga, fortel at den er utvikla i samarbeid med Totaltekst.

“Ein kan konfigurere Nynorskomsettaren for Enonic til å operere anten i manuell eller automatisk modus”, fortel Fujikawa-Nes

“Manuell modus er utvikla for nettstader som på begge målformene samstundes. Her får alle redaktørar tilgang til eit framifrå verkty for å omsette ord og setningar frå bokmål til nynorsk ved hjelp av ein widget i Content Studio i Enonic.

Det er i automatisk modus at Nynorskomsettaren for Enonic verkeleg viser sin styrke og vil spare brukarane for svært mykje tid sammenlikna med alle andre verkty. Når ein aktiverer automatisk modus i nynorskomsettaren for Enonic XP sammen med språklag i Enonic vil ein redaktør ved eit enkelt klikk kunne omsette alt innhald, all layout, parts og makroar på få sekund” held Fujikawa-Nes fram.

“Omsettinga skjer 100% automatisk og alt av formatering og struktur blir uendra. Dette er arbeid som kan ta redaktørar opp til ein time time å gjere  manuelt. Det er likevel alltid mogleg å gjere korrigeringar i den nynorske teksta i etterkant” seier han.

“Ikkje før løysinga vart lansert kom det vart det etterspurnad frå våre brukarar etter ei tilsvarande løysing for oversetting til alle andre språk. Og det kjem” avsluttar Fujikawa-Nes.

Kontakt oss

  • Steinar b&w

    Steinar Magnussen

    Leder salg

    +47 957 31 083